Det kan se ut som du har skrudd av JavaScript i nettleseren din. Vi har pr�vd � tilpasse siden for bruk uten JavaScript, men det vil dessverre resultere i noe redusert funksjonalitet

Hopp til hovedinnhold
20. mai - 03. juni 2020

Ingenting skjer

I kunst og kulturlivet fortviles det i disse dager over at ingenting skjer. Men vi skal vokte oss vel for å undervurdere ingenting.

Alle tekster: Frode Grytten

Ingenting skjer er OiOis cyberspace-prosjekt – en endeløs rekke av ingenting og noe – 0 og 1 – som er den digitale verdens alfabet og som bringer deg Frode Gryttens fantastiske nyskrevede samtidspoesi sammen med dagsferske bildefortellinger fra skaperne av den tungt prisbehengte Aurora-dokumentaren, Benjamin Langeland og Stian Servoss. Burleske, reflekterende, actionfylte, absurde, poetiske, vakre og komiske opplevelser på nett, som ikke hadde eksistert uten koronapandemien og som gjør deg klokere og rikere.

Dette er dagane 

Dette er dagane då gatene tar til å puste igjen.

Dette er dagane då livet sakte lurer seg tilbake i kalenderen.

Dette er dagane då nasjonane slåst om masker og smittevernutstyr.

Dette er dagane då statsministeren spør: kan vi måle alt dette i pengar?

Dette er dagane då du les at økonomane har rekna ut at verdien 

av eit statistisk norsk liv er på 34,58 millionar kroner.

Dette er dagane då du reknar ut at familien i dette huset 

i denne gata er verdt rundt 138 millionar kroner.

Dette er dagane då du lurer på kor mykje drømmane dine er verde,

kor mykje eit kyss er verd, ein klem, danserørslene til dottera di,

røysta til far din, latteren til vennane dine.

Dette er dagane då du er usikker på kor mykje store menn er verde,

dei som preikar og stig opp på podium og reknar ut kva vi andre er verde.

Dette er dagane då du forsøker å forstå den nye dagen.

Dette er dagane då verda framleis ikkje finst på kartet.

Dette er dagane då folk framleis kollapsar i New York, Roma, London.

Dette er dagane då folk framleis sluttar å puste i Dublin, Berlin, Stockholm.

Dette er kvelden då du sløkker alle lysa i huset ditt.

Dette er kvelden då du står ved vindauget og glor ut på tomme gater.

Kva er den statistiske verdien av det siste livet på kloden?

 

44 spørsmål

Er byen over meg? Er byen under meg?

Er himmelen over meg? Er himmelen under meg?

Kor mykje er Dow Jones ned? Kor mykje er smittetala opp?

Veit vi det sikkert? Er dette familie eller er det farvel?

Er det nok med to meters avstand til dei vi elskar?

Kva er forskjellen på regn og pengar?

Kva er forskjellen på Sverige og Norge?

Er vi alle i same båt? Veit vi det sikkert?

Er det denne sida opp? Er dette den nye normalen?

Kva er normalt med den nye normalen?

Kva var normalt med den gamle? Veit vi det sikkert?

Kan vi få meir skjermtid?

Kan vi reise på dagstur til nabokommunen?

Mistar ei rose fargane sine i regnet?

Er krigen like gammal som tyngdekrafta?

Kva skal eg gjøre med min tunge far?

Kor langt under ligg underliggande sjukdomar?

Må vi ofre dei gamle for redde oss sjølv? Veit vi det sikkert?

Er det nokon der ute som elskar meg? Veit vi det sikkert?

Blir vi gravd opp? Blir vi gravd ned?

Når bandet sluttar å spele: kan vi halde fram med å danse?

Når offentlig veg tar slutt: kan vi bare kjøre vidare?

Når får vi ei vaksine? Når får vi pengane våre?

Når kan vi kysse kvarandre igjen? Veit vi det sikkert?

Kvar får eg tak i eit betre immunforsvar?

Når er det lov å le igjen? Veit vi det sikkert?

Er det verste over? Snur det no? Veit vi det sikkert?

Er det fleire spørsmål?

 

Balkongsong

Balkongane får komikarane ta seg av. Vi har ikkje balkong.

Utsikta får poetane ta seg av. Vi bur i første etasje.

Dansinga får regjeringa ta seg av. Vi må på jobb.

Dugnaden får ministeren ta seg av. Vi må stemple inn

Det finst munnar å mette. Det finst lunger som må reddast.

Hovud som treng kvile. Pårørande som treng trøst.

Hender som treng andre hender på kvite dyner.

Pressekonferansane får Erna ta seg av. Vi står i kø på NAV.

Kjøringa i cabriolet får Sonja og Harald ta seg av. Vi tar bussen.

Vippsinga til gitaristane har vi ikkje råd til. Vi går på minsteløn.

Pleksiglas til 225.000 har vi ikkje råd til. Vi får ta sjansen.

Bare fyll opp stolane i prateshowa med hotellkongar

og artistar og alle som gikk på ein smell. Vi må få oss litt søvn.

Bare skriv eit essay, skriv ein kronikk, skriv koronadagbøker,

skriv kva som helst. Vi skriv historie.

Forresten, sidan vi no har dykk her:

Nei, vi kan ikkje redde dei sjuke på zoom.

Nei, vi kan ikkje gravlegge dei døde digitalt.

Nei, vi kan ikkje kjøre ambulanse på heimekontor.

Takk for klappinga på balkongane.

Takk for gode ord. Takk for tilliten.

Takk for i dag. Vi har sett vekkarklokka på 0530.

Gode tider

Munnen skal opne seg, og refrenget skal opne seg.

Det skal skje, det må skje. Heisdøra skal opp.

Pupillane skal opp. Tunnellane skal opp. Fontanellane skal opp.

Svømmehallar og bingohallar. Toppfotballen skal opnast.

Olav H. Hauge hadde ikkje peiling, absolutt alt skal opne seg.

Arrangement med opptil 200 personar skal opne seg.

Musea skal opne seg. Luftslusene og nasebora skal opne seg,

og vernissasjen skal opnast, og Jon Fosse skal opnast.

Gradvis og kontrollert, sjølvsagt, men det skal skje, det må skje.

Tårekanalane skal opne seg, og brevsprekken og takluka

og bakluka og morgondagen og zoom-møtet skal opne seg.

Og Hellas skal opnast, og Italia skal opnast. Og Michigan og Madrid.

Og bakken under deg og vindauget mot bakgården.

Og bakrommet i brannforsvaret skal opne seg.

Og blått skal opnast og raudt skal opnast. Og grønt og kvitt.

Og kjærteikna og kjønnsorgana og kyssemunnen

og kjærasten din. Kona di. Mannen din.

Det skal skje, det må skje.

Ja, opne meg opp. Få meg opp. Opne meg heilt, heilt opp.

I bilar. I portrom. I sentrum. I periferien.

På undermadrassar. På overmadrassar.

Gløm Olav H. Hauge. Gløm kjeldene.

Gløm berget. Gløm konsekvensane.

Last drømmen ned på ny. Trykk på play.

Samtale

Koblet til chatbot
Hei! Ingen festspillansatte er tilgjengelige, men kanskje jeg kan hjelpe?
Hei! Jeg er Festspillenes chatbot. Hva kan jeg hjelpe deg med?

Takk for praten!

Hei! Kan vi hjelpe deg med noe?