I svarte skogen inne
Kommende forestillinger:
-
KalenderikonLokasjonikonDet Vestnorske Teateret, Hovudscenen

Nytt skodespel av Jon Fosse.
Ein ung mann set seg i bilen og køyrer avgarde, så langt han kjem, innover ein traktorvei, forbi nedlagte gardsbruk og mørklagde hytter, heilt til han køyrer seg fast med bilen. Så får den unge mannen det for seg at han kan gå inn i den mørke skogen for å finna hjelp.
I svarte skogen inne er eit eksistensielt spenningsdrama om einsemd, lengsel, avmakt og skam. Det er ei mektig forteljing om å gå seg vill, i skogen, som i livet. For som den unge mannen seier: «Eg finn aldri fram til noko. Ikkje til bilar, ikkje til folk»
I svarte skogen inne blir sett opp av regissør Miriam Prestøy Lie. Saman med scenograf Dagny Drage Kleiva og lysdesignar Arne Kambestad, lar ho stykket utspele seg i eit omsluttande scenerom. Komponist Sjur Miljeteig framfører sjølv musikken frå scenen.
Jon Fosse er ein av dei største nolevande dramatikarane og har skrive over 30 teaterstykke. Han kjem frå Strandebarm i Hardanger, og sjølv om mange kjenner igjen det typiske vestnorske i hans verk, så skriv han om store universelle tema som menneskelege relasjonar og om liv og død, som folk i alle verdsdelar kan relatere seg til. I dag blir teaterstykka til Jon Fosse spelte over heile verda.
Visuelt uttrykk/plakat: Nikolai Torgersen
Informasjon
I svarte skogen inne inne har urpremiere 11. mai på Det Vestnorske Teateret. I september vert stykket spelt under Den internasjonale Fossefestivalen på Det Norske Teatret.
- Teater
Arena
-
Det Vestnorske Teateret
Rullestol Lytt
Varighet
1 t
Billetter
Gruppe 10+: 340
Kjøp billett
Språk
Fremføres på norsk, tekstes på engelsk.
Medvirkende
- Miriam Prestøy Lie regi
- Dagny Drage Kleiva scenografi, kostymedesign
- Arne Kambestad lysdesign
- Sjur Miljeteig musikk
- Karl Vidar Lende den unge mannen
- Reidun Melvær Berge den unge kvinna
- Arnhild Litlere den eldre kvinna
- Svein Roger Karlsen den eldre mannen
- Sjur Miljeteig musikar
Produsert av
Det Vestnorske Teateret og Det Norske Teatret i samarbeid med Festspillene i Bergen